Engelsvollturen - nærtur på Jæren (1326)

Fellestur

Dato
20. april kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Jæren, Kveldstur, Nærtur, Ettermiddagstur
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turkode
1326

Turen startar ved ved parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje. På ein stor del av turen går vi langs Frøylandsvatnet. Vi kjem til Bådatangen, som i lange tider har vore badeplass for mange. Theodor Dahl kalla Frøylandsvatnet for ”Jærens eigen Genesarets sjø”, men Torvald Tu sa det var ”Guds venleiksauge mellom Klepp og Time”. Ved Frøylandvatnet svømmer toppand, stokkand, sothøne og den flotte brunnakkeanda. Turen går gjennom byggefelt og industriområde på Orstad og Frøyland og vi kjem også til Engelsvågen og Steintangen, to husmannsplasser ved vatnet.

  • Oppmøte
    Parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje kl 17.30
  • Turleiar
    Siri B. Reinertsen, mob. 911 57 629

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 24 næturer i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.

Kontaktinformasjon:

  • Siri Berland Reinertsen
  • Tlf. 91157629

Turleder:

  • Siri Berland Reinertsen