Bli med på ein fin tur i Kalbergskogen.Turen startar frå Smiå på Kvernaland, går gjennom den flotte Stemmen Park, forbi Kvernaland omsorgssenter og gjennom byggjefelt til Kalbergskogen. I skogen går vi på gode grusvegar og nyt roa i skogen.Turen tek mellom 1,5 - 2 timar og passar for alle.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 24 næturer i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.