Dette er ein fin tur langs Brattlandsåna. Heile stien er grusa. Turen er ca 6 km og passer for alle. Turen vil ta omlag 1,5 timar.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 24 næturer i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Foto: Anne Katrine Lycke