Jubileumskonsert med Johanne Flottorp & Åshild Vetrhus 26. juli

På torsdag 26. juli feirar me DNT sine 150 år! Det bler nydeleg musikk av Johanne Flottorp  og Åshild Vetrhus, kor publikum vil få høyra lokale songar med tema frå heia, som har vandra mellom urgamle ferdselsveier mellom Suldal og Setesdal. Få med deg denne stemningsfulle konserten – det blir garantert et uforglemmeleg sommerminne! Gratis for overnattingsgjester i Stranddalen.

OM MUSIKARENE: 

Johanne Flottorp frå Åmli i Aust-Agder er ein allsidig musikar og ein stødig solistpå hardingfele. Når ho er aleine med fela, spelar ho i hovudsak slåttar frå Tovdal, Setesdal og Telemark. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre. 

         I tillegg til spele nokre former slik ho har lært dei av læremeistrane sine, synest ho det er viktig å setje sitt eige stempel på spelet. Dette har ho jobba med i mange år, men spesielt dei to siste åra på Noregs musikkhøgskule (NMH) konsentrerte ho seg om dette. Der tok ho tak i nettopp småslåttar frå heimtraktene og byrja å forme dei litt om. Etter at Johanne avslutta studiane på NMH i 2017, har ho halde fram med det samme prosjektet, og i september er ho klar med si første soloplate. Plata blei spelt inn i Ormøya kirke i Oslofjorden i april i år, og Johanne har produsert den saman med Niels J. Røine, som også var med som teknikar. 

         På plata presenterer Johanne favorittslåttane sine. Der får ein høyre alt frå velkjende setesdalsgangarar i nye former til ukjende teleslåttar som ikkje legg noko imellom. 

         Utanomå vere hardingfelesolist, gjer Johanne seg bemerka med fela i Oslos stadig veksande country/amerikana-miljø. Der spelar ho i banda The Northern Belle og Ruby Red & the Moonshine Brothers, som begge er aktuelle med nye utgjevingar høvesvis i 2018 og 2019. Johanne spelar også i trioen Raabygg, som konsentrerer seg om folkemusikk frå Agder. 

Åshild Vetrhus er folkesongar frå Bråtveit i Suldal. Ho har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole og arbeider no som frilans musikar i tillegg til arkivar og leiar av Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet. Ho kjenner den lokale tradisjonen frå fylket godt, og har fordjupa seg i denne. Som musikar opptrer ho solo og i ulike grupper og prosjekt. Åshild er songar i folkemusikktrioen Tindra (2000) (www.tindratrio.com). Saman med Tindra har ho vore involvert i mange musikalske prosjekt med band og folk frå andre land, inkludert den polske trioen Króke, den georgiske musikaren og komponisten Russudan Meipariani, og musikarar frå Vietnam og India. I 2011 spelte ho konsertar med Tindra på Jaffna Music Festival på Sri Lanka. Dei siste åra har ho vore involvert i fleire av jazzmusikar Jon Balke sine produksjonar, og saman med Andreas Ulvo (Innlandet, Eple trio, Karl Seglem, Ellen Andrea Wang m.m.) og Morten Barrikmo (Oslo Sinfonietta, Trondheim Jazzorkester m.m.) reiser ho på juleturne med prosjektet «I denne søde Juletid» -tradisjonelle julesalmar frå Rogaland. I Stranddalen vil publikum få høyra lokale songar med tema frå heia, og songar som har vandra mellom Suldal og Setesdal.


Skrevet av Henriette Gill 7. mai 2018