Jubileumskonsert med Johanne Flottorp og Åshild Vetrhus 26. juli

I forbindelse med 150 års jubileumet til DNT ønsker vi å feire i Stranddalen med folkemusikk. Vi er så heldige å få Johanne Flottorp og Åshild Vetrhus til Stranddalen!  Det går urgamle ferdselsveier mellom Suldal og Setesdal som har vært svært viktige for overlevelse gjennom generasjoner etter at isen trakk seg tilbake. Disse veiene har vært viktige for blant annet  jakt, kulturutveksling og handel mellom øst og vest. Hva er da mer naturlig enn å samle en folkemusiker fra øst og en fra vest?

Johanne Flottorp frå Åmli i Aust-Agder er ein allsidig musikar og ein stødig solist på hardingfele. Når ho er aleine med fela, spelar ho i hovudsak slåttar frå Tovdal, Setesdal og Telemark. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre.

        I tillegg til spele nokre former slik ho har lært dei av læremeistrane sine, synest ho det er viktig å setje sitt eige stempel på spelet. Dette har ho jobba med i mange år, men spesielt dei to siste åra på Noregs musikkhøgskule (NMH) konsentrerte ho seg om dette. Der tok ho tak i nettopp småslåttar frå heimtraktene og byrja å forme dei litt om. Etter at Johanne avslutta studiane på NMH i 2017, har ho halde fram med det samme prosjektet, og i september er ho klar med si første soloplate. Plata blei spelt inn i Ormøya kirke i Oslofjorden i april i år, og Johanne har produsert den saman med Niels J. Røine, som også var med som teknikar.

        På plata presenterer Johanne favorittslåttane sine. Der får ein høyre alt frå velkjende setesdalsgangarar i nye former til ukjende teleslåttar som ikkje legg noko imellom.

        Utanom å vere hardingfelesolist, gjer Johanne seg bemerka med fela i Oslos stadig veksande country/amerikana-miljø. Der spelar ho i banda The Northern Belle og Ruby Red & the Moonshine Brothers, som begge er aktuelle med nye utgjevingar høvesvis i 2018 og 2019. Johanne spelar også i trioen Raabygg, som konsentrerer seg om folkemusikk frå Agder.

Songaren Åshild Vetrhus er med den klåre røysta si sjølve stammen i Tindra.

I frå Rogaland og heimplassen Suldal  har ho med seg den lokale folkemusikken inn i ensemblet. Åshild har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskule, 2000 – 2004, kor ho fordjupa seg i pedagogisk og utøvande formidling av folkesongen. I tillegg til Tindra og solistoppdrag har Åshild ensemblet «Salikatt» saman med felespelar Mari Skeie Ljones og dansar Ingeleiv Berstad og ei prosjektframsyning med namn «Når du er borte» saman med folkesongar Solbjørg Tveiten og jazzpianist Andreas Ulvo.

«Når Åshild syng er det sant alt i hop. Det ærlege uttrykket og den skarpskorne songen hennar utfordrar det virtuose. Less is more…» Jorun Marie

«Åshild har eit herleg, klart og direkte uttrykk i songen sin som fangar merksemda di med det samme. Det er ein fryd å bygge oppunder tekstane og historiane når det blir formidla på ein slik måte.» 


Skrevet av Henriette Gill 7. mai 2018